Luther med Latter- forestilling i Valen kyrkje

Luther med Latter- forestilling i Valen kyrkje

Valen kyrkje er eit allsidig bygg, og som teatersal viste ho seg faktisk ganske eigna. Aktørar og publikum kom svært nær einannan, og utløyste ein lun og etter kvart også spontan respons hos dei i underkant 100 frammøtte.

Men «gleda er ein alvorleg ting» er det blitt sagt - og Reformasjonen var slett ingen selskapsleik, så latteren sat nok litt inne hos dei fleste ei stund. Kven vågar vel å smile høgt av beskuldningar frå paven mot Martin Luther om å vere djevelen sitt sende-bod, eller avlatshandel og skjærseld? Men stemninga letta i takt med utviklinga - alt vart liksom lettare når NÅDEN etterkvart fekk råde både i Tyskland utpå 1500-talet og i Valenkyrkja denne marskvelden! Jamn humring og sporadiske lattersalvar kan vere beskrivande.


Ryfylke Livsgnist meistra på ein glimrande måte å gje oss innblikk i kva betydning Martin Luther har hatt for vårt og kyrkja sitt trusfundament. Sett med skråblikk har forbod mot kaffi, strikking som image, ørkeslause kon-firmantoverhøyringar og kvinnekamp, alle vore viktige element i trua vår. Tru det den som vil og kan!

Med det for auga at musikk driv djevelen bort, blømde salmeskatten opp gjennom hundreåra. Og publikum i Valen viste at dei hadde fulgt med i timen, i alle fall siste 50 åra, og nytta kvart høve til å syngja med. Truleg var dette ei førestilling som både gjorde dei fleste litt klokare, og litt oppløfta til sinns. Om Luther var ein spesielt god representant for humoren, kom gjerne ikkje heilt fram, men i Ryfylke Livsgnist si hand blir det meste verd ein skikkeleg latter!

Teskt: Marit Lindekleiv   -   Foto: Gunnar Langeland


 


Del denne artikkel på e-post