Gamaldags kyrkjesundag og konsert med Sondre Bratland

Gamaldags kyrkjesundag og konsert med Sondre Bratland

Søndag 18. juni er det sjette år på rad at Utåker bygdalag og soknerådet går saman og arrangerer «Gamaldags kyrkjesundag» på den gamle kyrkjestaden i Holmedal på Utåker i Kvinnherad.

Før gudstenesta, som i år vert halden av sokneprest i Husnes og Holmedal sokn, Reidar Ådnanes, går vi den gamle kyrkjevegen frå prestebryggja i Holmedalstranda og opp til kyrkjegarden. Folk frå lokalmiljøet vil syna og fortelja litt om vegen si historie og litt om folket som kom til kyrkja i gamledagar.

Vi ser for oss ein dag der flest mogeleg tek seg fram til den gamle kyrkjestaden i Holmedal på gamlemåten med robåt, hest og kjerre eller til fots. Ekstra kjekt er det om flest mogeleg kler seg i gamle klede, eller gamalmodig klesdrakt, denne dagen. Dette vil vera med på å lage ei fin ramme rundt arrangementet, men sjølvsagt er alle velkomne ”som dei er”.

Etter gudstenesta og matøkt, skulle alt ligge til rette for ei flott konsert-oppleving for dei som tek turen. Sondre Bratland frå Vinje er vel kjent for sine tolkingar av folketonar og tradisjonsmusikk, men han har og arbeidd med andre musikkformer og stilartar. Organist i Etne, Solveig Sørheim, spelar «trøorgel» på konserten. Ho spelar også til salmane i gudstenesta. Me har og von om at Sondre vil synge ein song eller to under gudstenesta.

Kulturdag
Holmedal gamle kyrkjegard ligg vakkert til i Kyrkjedalen i Holmedal på Utåker med panoramautsikt over Skåneviksfjorden. I Hordaland  reknar vi med at det vart bygd ca.60 stavkyrkjer fram mot 1300-talet. Fyrste stavkyrkja vi kjenner i Holmedal er nemnd i ei jordbok på 1300-talet. Denne kyrkja vart ståande i fleire hundre år, til 1814 då ei enkel langkyrkje av lafta tømmer, utan tårn, vart bygd. Nyttårsdag i 1882 møtte folk til den siste gudstenesta i denne kyrkja. Det som kunne brukast av materialar frå kyrkja i Holmedal vart no flytta og brukt til oppføring av noverande Holmedal kyrkje. Denne kyrkja vart vigsla den 22. november 1882.

Men den gamle gravplassen i Holmedal vart nok nytta lenge før kristendommen kom til landet. Kjelder fortel at her allereie i bronsealderen var ein eigen kultstad, som etter kvart utvikla seg til eit senter for gudedyrking. Fleire gravhaugar og mange funn i området fortel oss om dette. Seinast i 2015 vart det gjort eit sensasjonelt funn. Ein gjenstand, truleg ein gudefigur av Odin, vart funnen nær kyrkjestaden. Ei ny stadfesting som kan styrkja teorien om Holmedal som gudedyrkingssenter.

Vel møtt til gamaldags kyrkjesundag, med gudsteneste og konsert på historisk grunn. Dersom det skulle verta svært dårleg vær, vert både gudstenesta og konserten flytta til kyrkja.


Del denne artikkel på e-post