Skaparverket sin dag, Varaldsøy

Skaparverket sin dag, Varaldsøy

Gøy i kano!

Mange familiar og barn tok turen til Ferjevågen og feira Skaparverket. Det kom folk frå Ølve, Hatlestrand og sjølvsagt frå Varaldsøy. Kano-padling, quiz, ulike konkurransar og grilling stod på programmet. Vi fekk høyra og sjå då Jesus møtte læresveinane ved Tiberiassjøen, etter at han hadde stått opp frå grava. Dei hadde vore ute og fiska heile natta, utan å få noko. Då stod Jesus på stranda om morgonen og ba dei kasta garnet på høgre sida av båten. Gjett om dei fekk fisk! 153 store fiskar, og likevel rivna ikkje garnet. Då skjøna dei at det var Jesus, og ingen turde spørja om det var han.

Takk til Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokneråd og hjelparar for godt samarbeid!


Del denne artikkel på e-post