Crown College Kammerchor

Crown College Kammerchor

Kvinnherad får besøk av eit kammerkor frå Minnesota frå måndag 22. - onsdag 24. mai.

Koret, som består av 28 songarar, er på turné i Noreg og Sverige denne våren, og vil halda konsert i Kvinnherad kyrkje tysdag kveld kl. 19.30. Koret skal halda 7 konsertar i løpet av dei 14 dagane dei er i Noreg og Sverige.

Koret har vore i Kvinnherad ein gong før. Det er nye medlemer sidan den gong; det er eit høgskulekor, og medlemsmassa vert endra kvart år. Dei vart så begeistra for bygda, at dirigent Dr. Donelson, som var med i 2005, måtte forsikra seg om at dei fekk høve til å reisa til Rosendal ein gong til. Dr. Donelson har vore dirigent for koret i 26 år.

På nettsida til koret vert det sagt at eitt av høgdepunkta ved å reisa til på turné, er at dei skal overnatta hjå privatpersonar. Vertsfamiliane plar vera opne, og om kvelden får dei høve til å verta betre kjende med kulturen. Samtalane plar verta djupe i løpet av kort tid, ofte av politisk karakter, seier eitt av medlema i koret.

På konserten skal vi mellom anna få høyra verk av norske komponistar, som Egil Hovland og Knut Nystedt, eit stykke av Rachmaninov, i tillegg til den velkjende Hallelujah av Leonard Cohen. Ein konsert vel verdt å få med seg.

Kvinnherad sokneråd ynskjer alle hjarteleg velkomne til konsert!


Del denne artikkel på e-post