Ja, vi elskar dette vatnet

Ja, vi elskar dette vatnet

Konfirmantane i Kvinnherad kommune med innsamling til Kirkens Nødhjelp.

Tysdag før palmesøndag er dagen for innsamlinga til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. Denne kvelden vil konfirmantane i dei ulike sokna i Kvinnherad kommune gå rundt med bøsser og samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. (Ænes har ikkje konfirmantar i år, så der går soknerådet søndag 2.april. I Åkra kjem konfirmantane rundt måndag 3. april.)

Kirkens Nødhjelp driv både langsiktige prosjekt for ei betre framtid, og akutt naudhjelp for å berge liv og hjelpe folk som vert råka av katastrofer. I år er temaet for Fasteaksjonen REINT VATN.  Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Noreg, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030.

Fasteaksjonen finn stad i byar og bygder over heile landet, og det er i år den 50. gongen at Kirkens Nødhjelp arrangerer aksjonen. Så dette året vonar vi på rekordstor innsamling. I fjor kom det inn 34 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. Pengane gjer at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.

Konfirmantane kjem i kveldinga med plomberte bøsser som er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp og har ID-merke med namnet sitt på og nummer som samsvarar med nummeret på bøssa. Slik kan gjevarar sjå at dei har fullmakt til å samle inn til Kirkens Nødhjelp. Det har diverre hendt at nokon ukjende innsamlarar har gått rundt og samla inn pengar tidlegare på same dagen som konfirmantane gjekk. Så vær obs! på at bøssene er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp.

Ta godt imot bøsseberarane frå Kirkens Nødhjelp!
Helsing konfirmantlærarane i Kvinnherad kommune.


Del denne artikkel på e-post