Solveig Leithaug med vårkonsert i Valen kyrkje

Solveig Leithaug med vårkonsert i Valen kyrkje

Twist og stemningsfull lyssetjing møtte eit 80-tals menneske i Valen kyrkje torsdag 9. mars. Vi var klar for «re-union» med ei av stjernene frå 80-talet, Solveig Leithaug, busett i USA, men som akkurat no var på vårturné på Vestlandet.

Med gitaren, sitt ungdommelige, flagrande hår, glimt i auga og sitt varme smil, inntok Solveig kyrkjeromet - og publikumshjarta. Kjende «perler» vart godt mottekne, med fyldig allsong som respons. Gjennom ei av perlene, «Eg ber for Norge», fekk ho formidla eit varmt glimt av hennar kjærleik til det landet ho flytta frå for snart 25 år sidan.

Som ei overrasking for publikum, dukka dottera Kari Julianne Henderson Leithaug opp. Ei herleg ung jente, kommunikasjonsstudent i USA, som viste seg å vere eit naturtalent i akkurat kommunikasjon. Med sitt finslege vesen, imponerande Frekhaug-dialekt, lune humor og klokkeklare stemme, sjarmerte ho publikum til begeistra applaus. Eplet fell ikkje langt frå stammen, skal ein vis person ha sagt!

Duoen Solveig og Kari let oss no få del i ei rekkje av songane på den rykande ferske cd-en «Time», som faktisk ikkje for vel er gitt ut. Det er den 17. i rekkja! Ikkje så unaturleg at dei fleste tekstane var på engelsk, men med teksting på storskjerm, fekk nok dei fleste med seg det meste, om ikkje anna enn atmosfæra, i dei mange varmande og medmenneskelege Jesus-«låtane». Mange let seg nok imponere, ikkje berre av gitaristen og songaren, men også pianisten Solveig!

Gustav Jacobson, pastor i organisasjonen Compassion og busett i Nord-Sverige, var også ein del av denne turnéen. Gjennom han fekk vi info om eit enormt arbeid som hjelper 1,8 millionar barn i 26 land. Vi fekk høve til å bli fadder, og på den måten vere med på å «setje barn fri frå fattigdom i Jesu navn»; slik dei sjølve uttrykkjer det.

«Give me Jesus» var ein av avslutningssongane. «Det som er så fint med Solveig er at ho er så Jesus-fokusert», vart det sagt av ein tilhøyrar etter konserten. Så sant som det var sagt! Heile kvelden bar preg av at drivkrafta bak årelangt turnéliv, er at ho har møtt Jesus sin kjærleik, og omsorga for at andre må få del i dette.

Våre gode lys- og lydfolk, Gunnar, Ole Martin og Tommy, bidrog sterkt til ei god oppleving, og at alt dei tre aktørane formidla, nådde oss på ein svært tilfredsstillande måte.

Mange gav uttrykk for at det hadde vore ein  «fantastisk konsert», og vår von er at alle gjekk heim med ei kjensle av glede over å vera elska av Gud, og med inspirasjon til å dela dette med andre!

M.L.


Del denne artikkel på e-post