Vellukka bygging i Valen kyrkje

Vellukka bygging i Valen kyrkje

Foreldre og barn bygde saman.

31 barn og nesten like mange vaksne samla seg i Valen kyrkje tysdag ettermiddag. Her fekk me høyra om den gode Samaritanen. Då han var på reise fann han ein mann som låg skamslegen ved vegen. Han syntest synda på mannen og hjelpte han. Meir kan du lesa i Lukas kapittel 10. Etterpå fekk kvar og ein sitt eige byggesett. Med stor glede og iver tok dei fatt på bygginga. Det vart ei triveleg stund for barn og vaksne ilag. Etter felles bøn og song tilslutt, gjekk alle nøgde heim med kvar sitt byggesett av nettopp: "Den gode Samaritanen".


Del denne artikkel på e-post