Luther-kabaré og Medarbeidarfest

Luther-kabaré og Medarbeidarfest

Torsdag 23. mars kjem Ryfylke Livsgnist med humoristisk historiespel til Valen kyrkje.

I år er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa, Norge og Vestlandet mest. Ja, Martin Luther fekk faktisk oppkalla ei heil kyrkje/religion etter seg, i den lutherske lære og tru.

I heile 2017 skal Ryfylke Livsgnist reisa rundt med førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar. 

I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt frå folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til lovsong i dag…. For berre å nemna noko.

500 år på 100 minutt, der dei er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.

Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «Luther-kabareten» ei ålmenn førestilling, der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving.

 

NB! Like etter framsyninga inviterer me i kyrkja i Kvinnherad til medarbeidarfest for frivillige som hjelper til på ulikt vis i det kristne barne- og ungdomsarbeidet i kyrkje og på bedehus.

PÅMELDING finn du her >>>

 

Klikk på bilete for ein smakebit...

 

 


Del denne artikkel på e-post