SOLVEIG LEITHAUG MED KONSERT I VALEN KYRKJE

SOLVEIG LEITHAUG MED KONSERT I VALEN KYRKJE

Andre torsdagen i mars, blir det fint besøk frå «over there», i Valen kyrkje.

(SJÅ VIDEOAR NEDERST I ARTIKKELEN!)
Link til Facebook-event: >>>

Ein god del av oss litt vaksne, har nok ein eller anna gong i livet kanskje både sett og høyrt denne songfuglen, Solveig Leithaug, som eigentleg kjem frå Frekhaug, men bur no i USA. Hvis det skulle vere interessant for nokon, så kan vi avsløre at ho er søster til Bjarte Leithaug, og tante til Gabrielle - som vel klarer seg utan nærare presentasjon!

Opplevinga av Solveig sin måte å formidle på, er nok for mange at ho smyg seg inn med ein glad, varm og enkel bodskap, ved hjelp av klokkeklar stemme og gitaren sin! Vi ynskjer hjartans velkomen til Valenkyrkja denne vårkvelden, og deler noko av det pressa har lagt ut omkring turneen som Solveig snart skal ut på. Vonar det vil inspirere mange til å takke ja til innbydinga!

«Mange nordmenn syns Solveig Leithaug (f.1966) alltid har vore her. Kanskje fordi ho alt som 18-åring debuterte med plata Askepott. Sidan 1985 har det blitt 11 norske og 6 engelske album, og musikalske oppdrag i over 20 land. Ho jobbar for tida i studio i Nashville,Tennesee,for å spele inn eit nytt soloprosjekt, der fleire av songane er skrivne i fellesskap med Grammy-nominerte komponistar! Som arrangør fornyar og tolkar Solveig gode, gamle og velbrukte salmar og åndelege songar på ein forfriskande måte - og somme tider musikalskt overraskande - noko som gir nytt liv til songane!

Ho kan med rette kallast ein sjangeroverskridande artist, og har late seg inspirere av element frå keltisk folkemusikk, country, bluegrass, roots, jazz og klassisk musikk. Om ansiktet hennar skulle vere ukjent, vil mange nikke gjenkjennande til stemma hennar frå barneplatene «Min båt er så liten», og «Kven er jungelens konge», som begge har oppnått å selja til gull i Norge!

I seinare år har samarbeidet med det musikalske ekteparet Gloria og Bill Gaither ført Solveig i ny retning. Konsertane har også teke ho til countryens`storstove, Grand Ole Opry - ein plass svært få nordmenn har fått stå på scenen! Solveig har budd i USA i over 20 år. I mars tek ho turen frå heimbyen Nashville til Noreg for ein turne. Her vil ho framføre låtar frå si nye plate, i tillegg til eit knippe av klassikarar frå tidlegare album. På ruta står bl.a. Valen kyrkje 9.mars.

Vi tar med eit sitat frå Bill Gaither om Solveig: «Ho lurer deg kvar gong. Når ho byrjar å synge er det så enkelt og ujålete at du tenkjer: «Javel - kva er så spesielt med dette? Men litt etter litt blir du berre fanga av hennar enorme utstråling!»

Marit Lindekleiv


Nokre smakebitar av musikken hennar finn du her:

All The Way To Heaven

 

When She Plays

 


Del denne artikkel på e-post