Kjære kyrkjelyd

Kjære kyrkjelyd

1. januar 2017 skjedde den største organisatoriske endringa av Den norske kyrkja sidan reformasjonen.

Vi har gått inn i eit nytt år. 2017 er eit merkeår i historia til Den norske kyrkja. Det er 500 år sidan Martin Luther formulerte sine 95 teser mot avlatshandelen, noko som vart starten på reformasjonen og førde til omfattande endringar i kyrkje og samfunnsliv. Reformasjonsjubileet vert markert på mange måtar i kyrkjene i løpet av 2017 og gjev høve til fornya merksemd om det sentrale i kristen tru.

1. januar 2017 skjedde den største organisatoriske endringa av Den norske kyrkja sidan reformasjonen, eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, slik dei statlege styresmaktene uttrykkjer det. No er ikkje lenger biskopar, prostar og prestar embets- eller statstenestemenn. Kyrkjerådet og bispedømmeråda er ikkje lenger statlege forvaltingsorgan. Kyrkjemøtet har overteke mykje av den makta som tidlegare låg i statsforvaltinga, og er det øvste representative organet for det nye rettssubjektet Den norske kyrkja.

Det siste hundreåret har staten overført stadig nye ansvarsområde til organ for Den norske kyrkja. I 1920 fekk vi sokneråd, deretter følgde innføring av bispedømeråd i 1933. I 1934 vart Bispemøtet formalisert og i 1984 vart Kyrkjemøtet oppretta, Ny kyrkjelov som blant anna regulerer tilhøvet mellom kommunen og sokna, kom i 1996 og dei kyrkjelege fellesråda vart oppretta.

Som ein konsekvens av grunnlovendringane frå 21. mai i 2012 er Den norske kyrkja no eit sjølvstendig trussamfunn og eige rettssubjekt med Kyrkjemøtet som øvste organ.

Prestar, biskopar, tilsette ved bispedømmeråd og dei nasjonalkyrkjelege råda har vore embets- og statstenestemenn fram til 1. januar 2017. Alle desse, omkring 1600 tilsette, er frå og med 1. januar overført til det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja.

Den norske kyrkja er skriven inn i grunnlova i paragraf 16: Den norske kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forblir Norges folkekirke og understøttes som sådan av staten.

Kallet til kyrkja og kyrkja si oppgåve overfor folk og land vert vidareført. Vi skal framleis fylla oppgåva som Norges folkekyrkje.

Endringane i grunnlova i 2012 og overdraging av verksemd frå 1. januar 2017 endrar vilkåra seg for Den norske kyrkja. Men verksemda til kyrkja og det lokale kyrkjelege nærværet vert ikkje endra.

«Meir himmel på jorda» er visjonen til den norske kyrkja. Ved dette forstår vi oss som ein del av Kristi rørsle på denne jorda. Gjennom ord og handling skal vi formidla Guds kjærleik gjennom Jesus Kristus like til jordas ende.

Må Gud velsigne dette året vi no går inn i.

Må Gud velsigne kyrkja og gje oss kraft og kjærleik til å vera vitne om Guds nåde.

 

LES MEIR OM DENNE SAKA HER...


Del denne artikkel på e-post