Ramma rundt jula fungerer like fint med palmer som med gran!

Ramma rundt jula fungerer like fint med palmer som med gran!

I mai tok Reidar Ådnanes til som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn. Han har hus på Valvatna på Stord der han bur saman med si kjære Marta Kristin, men for at det ikkje skal verta for mykje pendling har dei skaffa seg ein leilighet nede i Klubbavikjo på Valen.
 

Reidar vaks opp på Bømlo saman med mor, bror, bestemor og bestefar. Far hans kom bort på sjøen då Reidar berre var 5 månadar gamal. «Bestefar min var fødd i 1891. Han vart ein veldig viktig person i livet mitt. Han lærte meg mange nevenyttige ting. Onklane mine lærte meg pågongsmot og at så lenge det lar seg gjera, så fikser me ting sjølv.» At han skulle verta prest, tenkte den praktiske karen lite på i oppveksten. Men då han gjekk eit år på Sagavoll Folkehøgskule like etter gymnaset, vart interessa for teologien tend.

«Dette førte til at eg byrja på Menighetsfakultetet. Eg studerte teologi fordi eg var interessert i faget.» Han hugsar at nokon av dei han studerte saman med, gjorde det fordi dei ville bli prest, og då vart sjølve studiet eit ork til tider...

I løpet av utdanninga var Reidar nokre små periodar ute for sjømannsmisjonen. Då han tok praktikum var han framleis usikker, og hadde lite tankar om å bli prest. «Men i løpet av det siste året der, ringde Hans Olav Gilje og fortalde om ein ledig kateket-stilling på Stord. Dette vart det ytre kallet for meg. Nå skulle eg få bruke teologien til noko i kyrkja, men eg var framleis ikkje klar for å vera prest.»

Marta Kristin og Reidar hadde kjent kvarandre frå gymnastida, både frå leirar og i Skulelaget. Begge studerte i Oslo, der dei hamna i same venne-gjengen. Her vart dei kjærastar og dei gifta seg i 1981. I 1983 flytta dei til Stord. 

Då Nysæter kyrkje vart bygd i 1991, vart det oppretta ein kappellan-stilling der. Reidar vart oppmuntra til å søkje, og fekk stillinga. Etter nokre år som kappellan, med mykje fokus på konfirmantar og dåpsopplæring, vart Reidar eit år fungerande prost før Svein Arne Theodorsen tok til i 2001. Etter dette året var han sokneprest-vikar i Sveio i tre år. 

Så var det at Marta Kristin og Reidar tok til å ‘høyre palme-sus’. Dei to gutane deira, Håkon og Torstein, var blitt så vaksne at dei hadde flytta ut. Tanken om ei teneste i Sjømannsmi-sjonen hadde lege der ei tid, og i 2007 dukka det opp to ledige stillingar på same kyrkja, som diakon og prest. «Me hadde ni og eit halvt flotte år på tre ulike stadar, Albir, Tenerife og Costa del Sol.” 

Jula har, for Reidar som for dei fleste andre, alltid vore ei tid der familien står i fokus. Dette skulle verta annleis nå. «Det var sjølvsagt nokså kjipt å feire jul utan å ha heile familien rundt seg, men samstundes opplevde me at me på ein måte fekk skrelt bort mykje av det rundt, og så var det innhaldet i jula som fekk fokus. Me hadde ikkje det same stresset som det ofte kan bli før jul. Me kunne ha fokus på guds-tenesta og formidlinga der. Det vart og eit naturleg fokus på at dei nordmenn som feira jul i syden ikkje skulle måtte vera åleine i feiringa. Ein del av tenesta vart å prøve å opprette kontakt med dei som trong oss for å få ei god jul. Eg har mange gode minner frå både gudstenester og middag på El Campnario men og t.d. på Camillo bar & cafe på Tenerife, der eg vart invitert til å vera med og lese juleevangeliet og synge. Det vart veldig ‘gatenært’ og fint.» 

«Eg har mange fine juleopp-levingar frå barndommen saman med familien. Mykje var enklare då, men familien var viktig, ja. Gudstenesta sjølve julafta var ikkje det store då. Då var det juledag som gjaldt. Og julefestane var viktige. Spesielt i ungdomman pendla me mellom dei ulike julefestane. Julefestane hadde dørvakt i den tida. Det var ofte slik at klientellet på juletre-festen var slik at ein kunne trenge nokon som hadde eit godt blikk og ei stødig hånd så dei kunne geleide folk ut visst dei ikkje oppførte seg under juletregongen. Det var ikkje alle som var edru på julefest, men det var liksom heilt greitt. Ei slags forestilling om eit trongt og snevert bedehusmiljø har eg aldri opplevd. Var nok sikkert nokon vekkelsesmøter og slikt som kunne verka skremmande for nokon. Men der trur eg ikkje mamma tok oss med. Ho hadde liksom ein klokskap til å velje dei gode tinga. Søn-dagsskulen, Yngres og slikt. Eg fekk mange positive og fine opplevelsar rundt det. Det var romslighet, men likevel skulle det vera orden på tinga.»

I år skal Marta Kristin og Reidar feira «norsk jul» saman med sønene og fire barnebarn. Dette gler Reidar seg stort til! «Men ‘norsk jul’? Kva meiner me eigentleg med det? Jula er ikkje norsk. Me er jo nærmare Betlehem i Spania enn i Norge. Eg har feira norsk jul mange gonger, og eg synes sjølvsagt det er flott. Men eg er ikkje avhengig av alt dette rundt for at det skal vera jul. Julestemninga mi er knytt til juleevangeliet og julesongane. Så er det bonus med både familie, venner, snø (slaps), pinnekjøt og alt dette. Men det er ikkje dette som ER jul. Ramma rundt er ulik. Den har me laga, og den fungerer like fint med palmer som med gran!»

Fjerde juledag vert Reidar å treffe på Julefest i Holmedal bedehus på Utåker. Der vil han m.a. vise bilete og fortelje frå tenesta i Sjømannsmisjonen.


Del denne artikkel på e-post