Julevandring

Julevandring

Også i år fekk barnehagane i området vårt vera med på ei heilt spesiell Julevandring i kyrkja.

Alle fekk først møta keisar Augustus. Han ville finna ut kor mange folk som budde i riket hans, og lyste ut manntal. Alle som var komne på besøk vart ført opp i den store manntalsboka. 

Keisaren tok store og små med på ei vandring mot Betlehem. Tre born fekk vera dei tre vise menn. Vidare møtte engelen Gabriella oss med eit: «Vær ikkje redde!» Engelen peika ut nokre born som fekk vera englar saman med henne. Dei øvde på englesongen.  

Vidare bar det inn i sjølve kyrkja, der me kom til nokre sauer og eit bål. Gjetarar vart peika ut, og englane kom med bodet om ei stor glede. Framme ved altarringen fekk to av borna vera Josef og Maria, og ein av dei vaksne i barnehagen fekk rolla som verten i herberget.

Josef, Maria og Jesus-babyen vart plassert innafor altarringen, og me samla oss om forteljinga i Bibel-boka; Juleevangeliet om då Jesus vart fødd.

Takk til alle som kom og vart med, og gav oss som stod for Julevandringa ei fantastisk oppleving nok ein gong!

Helsing Keisar Augustus og Erkeengelen Gabriella!


Del denne artikkel på e-post