Dåpskjole til utlån

Dåpskjole til utlån

Det er mellom dei største hendingar i livet når eit nytt barn kjem inn i familien.

Og i kyrkja gled vi oss over å få vere med å feire barnet og å feire at barnet i dåpen blir med i kyrkjelyden og i Guds store familie.

På prostidagen på Stord i år handla det om dåp. Og ein idè som eg tok med meg heim denne dagen var: Skulle kyrkjelyden hatt ein dåpskjole til utlån? Ikkje alle har ein dåpskjole i familien eller næraste venekrins. Så då utfordra eg kona mi, Marit Elisebet, om ho kunne hekle ein dåpskjole som tålte å bli vaska og kunne brukast mange gonger.

No er dåpskjolen klar. Den er hekla i rein bomull og har to sett med silkeband, lyse blå og rosa. Dåpskjolen ligg på kyrkjekontoret på Valen og er til gratis utlån. Så no er vi spent på kven som vert den fyrste som vil bruke den.

Velkomne til dåp!       

Jan Ove Totland


Del denne artikkel på e-post