Bu-heima-leir 13.-14. januar

Bu-heima-leir 13.-14. januar

Gled deg! Det vert Bu-heima-leir på Omvikdalen skule. Tema: «Kongebarn».

Bu-heima leiren er for deg som er mellom 5 og 13 år. Fireåringar (fødd i 2013) kan vera med saman med ein vaksen. Det vert bibelsamlingar, song, måltid og leiking. Bibelsamlingar er spennande møte med historier frå Bibelen, formidla med bilder, flanellograf, drama og musikk. I bibelsamlingane blir vi kjent med Jesus og forteljingar frå bibelen.

Høgdepunktet for mange, er gruppene på laurdagen. Alle kan velje mellom: dyr og natur, snikring, forming og pizza-gjengen. Har du begynt på skulen kan du også velja mellom: klatring og elektronikk. Om du går i 4.klasse eller over kan du velje dans, les meir om denne gruppa under. For deg som går i 6. klasse og over kan du i tillegg velje mellom: Eksperiment og teiknekurs. Her får vi med oss kunstnaren Espen Attramadal.

Vi er saman frå morgon til kveld. Men om natta søv vi heime. Vi avsluttar med ei stor familiesamling søndagen. Då får dei ulike gruppene visa fram det dei har arbeid med. Her er alle velkomne! Om du ikkje har høve til å delta på leiren, er du likevel hjarteleg velkommen på familiesamlinga.

Norges søndagsskuleforbund sitt motto er: Jesus til borna. Alle er velkomne på leir om dei veit litt, ingenting eller mykje om Jesus. Jesus sa at borna høyrer Guds rike til, og dette vil leiren vere med å vise meir av.

Påmeldinga startar onsdag 6. des. Pris: 200 kr. Ver snar om du har lyst å vera med! Vi har begrensa plassar!

MELD DEG PÅ HER

Grupper                                    

Alle:

Snikring: Her får du vera med å saga og snikra. Ta med hammar.

Forming: Likar du å vera kreativ og laga ting sjølv er dette rette gruppa for deg. Vi skal tova!

Pizza-gjengen: Likar du å laga mat? Denne gjengen skal laga herlig pizza til leir-festen vår.

Dyr og natur: Vi besøker ein gard, ser på dyra og deltar i gardsarbeidet.

 

Aldersgrense frå 1. trinn og oppover:

Klatring: Denne gjengen tek turen til klatreveggen i Uskedalen. Her får alle prøva klatring med klatreselar.

Elektronikk: Det vert spennande å sjå kva som skal testast ut!

Aldersgrense frå 4. trinn og oppover:

Dans: Denne gruppa er i samarbeid med dansegruppa i Rosendal Barnekor. Dette vert del av øving til framsyning på stor barnekonsert i Grieghallen 4. februar kl.17. Det blir forventa at dei som melder seg på her deltar med gruppa på scenen i Grieghallen. Koreograf Ingunn Eckhoff blir med. For nærmare informasjon ta kontakt med Solfrid Siqveland (mob.951 52 329). Begrensa plasser.

Aldersgrense frå 6. trinn og oppover:

Teiknekurs med Espen Attramadal. Lær å teikna dyr og menneske i teikneserie-stil!

Eksperiment: Er du nysgjerrig? Lurar du ofte på korleis ting er? Likar du å finne ut av ting? Å gjere eksperiment er å oppleve og oppdage. Mykje av det som skjer rundt oss er på ein eller annan måte prega av vitenskap som fysikk og kjemi. På eksperimentgruppa skal me både lære og ha det gøy på ein gong!

 

Aldersgrense frå 8. trinn og oppover:

Hjelpeleiar: Ønskjer du å hjelpa til på leiren? Ulike oppgåver som t.d. hjelpa til på gruppene, kle på dei minste, sjå til at borna har det bra, ha leikar på leirfesten. Alle leiarar som er fylt 15 år må framvisa politi-attest før leiren tek til. Om du viste politi-attest for Bu-heima leiren i 2017 treng du ikkje visa ny no.

Arrangør: Omvikdalen Søndagsskule og kyrkja i Kvinnherad.


Del denne artikkel på e-post