Offisiell opning av det nye kyrkjekontoret

Offisiell opning av det nye kyrkjekontoret

Tirsdag 20. september kl 16.00 vert det nye kyrkjekontoret i Kvinnherad offisielt opna.

Det er ein godt nøgd og veldig glad kyrkjeverge som endeleg kan invitera publikum inn i dei nye kontorlokala vegg i vegg med kyrkja på Valen. Under opninga vert det m.a. helsing både av ordførar Peder Sjo Slettebø og prost Svein Arne Theodorsen m.fl. Etter eit kort program vert det høve til å ta turen inn og sjå dei lyse og trivelege kontorlokala som no skal huse fire prestar, tre organistar, to sekretærar, to kyrkjelydssekretærar, ein konsulent og kyrkjevergen. Det vert servert kaffe, saft og kake til alle som måtte ynskje det, og kontoret held ope for alle som har lyst til å ta turen innom til kl 18.00 denne dagen.

Velkommen innom!  

FILM: Her kan du sjå ein såkalla "Time-laps-video" frå bygginga av kyrkjekontoret.

 


Del denne artikkel på e-post