Lys Vaken i kyrkja

Lys Vaken i kyrkja

Lys vakne deltek vi i gudstenesta etter ei god natts kvile i kyrkja.

Drøymer du om å få sova i kyrkja? Alle 10 åringar blir invitert til overnatting i ei av kyrkjene våre (i nokre sokn også 11-åringar). Namnet Lys vaken handlar ikkje om at vi skal vera vakne heile natta.

Det handlar om å vera lys vaken

for kvarandre, for Gud

og for det som skjer rundt oss

Ikkje minst kan vi oppleva at Gud er Lys vaken for oss.

Kanskje tenkjer du at det er skummelt å sova i ei kyrkje. Men tenk etter, dei fleste av oss søv i hus av nyare dato. Kyrkjene har stått og står framleis trygt på same staden. Valen kyrkje har 40 års jubileum om nokre år, Hatlestrand kyrkje er 130 år og Kvinnherad kyrkje over 760 år gamal.  Det er svimlande å tenkja så langt tilbake i tid.

Velkommen til ei natt i kyrkja! Meld deg på HER.

4. - 5. november        Kvinnherad kyrkje (10-11 åringar)

11. - 12. november    Hatlestrand kyrkje (10-11 åringar)

2. - 3. desember        Valen kyrkje (10 åringar)


Del denne artikkel på e-post