Kyrkjekoret NORDMADRIGAL

Kyrkjekoret NORDMADRIGAL

Kvinnherad har ikkje eige kyrkjekor. Det syns kantor Eva Megyesi og mange andre at vi bør ha.

No vil Eva gjera noko med det. Ho ønskjer å starta opp med eit kyrkjekor for medlemmer frå heile Kvinnherad frå hausten av. Kyrkjekoret skal heite NORDMADRIGAL, og oppstart vert mandag 5. september kl. 19.00 i Uskedal kyrkje.

Øvingane vert på mandagar
frå kl. 19.00 til 21.00. Eva er svært fornøgd med responsen, og skriv ‘TUSEN TAKK KJÆRE KVINNHERAD’ på Facebook. Ho ønskjer framleis at fleire skal melda seg som songarar i koret, og formulerer det slik: "-Kem kan komme å synge i koret? ALLE mennesker, fra heile kommunen som elsker å synge god musikk."

Eva seier at repertoaret kan vera samansett av alt som inngår i kyrkjemusikken. Det kan vera liturgiske sangar, gamle og nye salmar både norske og inter-nasjonale, og litt gospel. Ho seier at det er så mykje fint å velja i innan kyrkjemusikken.

Eva understrekar at dette vert eit supplement, og slett ikkje ein konkurrent, til eksisterande kor. Dirigentjobben kjem til å gå inn i hennar kantorstilling, og ho håpar mange melder seg på til koret frå heile kommunen.

Dei som ønskjer å vera med i koret, eller har spørsmål, kan ta kontakt med Eva Megyesi,
på mobil 955 20 899 eller på e-post: micacica@online.no.


Del denne artikkel på e-post