Første kantor frå Kvinnherad vigsla

Første kantor frå Kvinnherad vigsla

Søndag 29. mai var ein viktig dag for den dugande kantoren vår, Eva Megyesi.

Då vart ho vigsla som kantor i Den norske kyrkja av biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Vigslinga føregjekk i Bergen Domkirke, og i tillegg til Eva vart 5 andre kantorar vigsla. Dei kom frå Naustdal, Høyanger, Osterøy og to stykk frå Bergen.

Ordninga med vigsling av kantorar er relativt ny, kan Stein E. Schille fortelja. Eva Megyesi er den første kantoren frå Kvinnherad som vert vigsla. Kvar av dei 6 kantorane hadde 3 assistentar som også deltok i handlinga. Mannen til Eva Megyesi, Pawel Cabala, og ekteparet Stein Elling og Elke Schille var Eva sine assistentar. Det var også 4 tekstlesarar under gudstenesta i Bergen Domkirke, og Stein Elling Schille var ein av desse.

Då eg kontakta Eva Megyesi, kunne ho fortelja om ei flott gudsteneste der biskop Nordhaug heldt ei nydeleg preike. Elles har Bergen Domkirke eit kjempegodt kyrkjekor og ei flott forsangargruppe. Ho kunne også fortelja at domkantoren som var ein av dei 6 som vart vigsla, spela eit fantastisk stykke, Toccata av Hovland, som postludium.

Eva Megyesi spela ikkje orgel under denne gudstenesta, men ho viste nok ein gong at ho er ein framifrå songar då ho framførte Den nikenske truvedkjenninga.

Veka etter vigslinga hadde Eva eit tettpakka program med songstund på Rosendalstunet, deltaking i ulike kyrkjelege handlingar før det venta 2 gudstenester i helga. Det er slike travle dagar ho trivest med, og samstundes gleder ho seg til å starta opp kyrkjekoret Nordmadrigal i byrjinga av september. Der har det vore svært god respons frå songarar som ønskjer å vera med.

- Eg er veldig glad, og folk som vil vera med i koret må berre ta kontakt, seier ho.

Tekst: Thor Inge Døssland
(www.uskedalen.no)

Foto: Privat


Del denne artikkel på e-post