Slike stunder…

Slike stunder…

Fjelbergstemne, sundag 5.6.2016

- med sommarsol og velkomstord; takk for sist, kjekt å sjå deg, latter og smil og helsing i bakken opp mot kyrkja
- med oppbyggande ord for oss som sit i benkane og innsyn i korleis Misjonsalliansen er til stades i livet til dei som er langt vekke
- med song og musikk som gir oppleving på høgde med det ein får i dei flottaste konsertsalar så ein gløymer om ein er rett kledd, om benkane er harde, om floga susar og finn skjulestader i sprekkene på dei gamle tømmerveggane i kyrkja, så ein gløymer kven som sit på benken framføre, så ein berre sit, lar tanke gå, lar ord og tone synka inn

Slike stunder!

Fjelbergstemne

- med middag i prestegarden; der blikket glir over eldgamle veggar og minner om då folk kom roande alvorleg for å ordna offentlege gjeremål hos presten, smilande for å melda om vigsle eller syrgjande for å ta eit siste farvel med ein av sine kjære
- med oppfrisking om tider då over tre hundre stemnedeltakarar kom i små og store båtar
- med påminning om at det er menneske andre stader i verda som treng å oppleva at «lys over landet strøymde»
- med fortellinga om Ludvig Eriksen som kom til Fjelberg for å henta nye krefter for 130 år sidan, og drog derfrå med visjon og kraft til å byggja opp det som skulle bli Misjonsalliansen

Slike stunder!

Hans Olav Tungesvik var ansvarleg for gjennomføringa av stemnet saman med soknerådet i Fjelberg og Eid, og Truls Grung tok godt i mot stemnedeltakarane i prestegarden. Nils Tore Andersen var talar og hadde med seg Gunnar Husan og Oddbjørn Evenshaug i fylgjet. Jan Ove Totland leia gudstenesta. Duo Manna frå Skånevik og Kristine Hestad på fløyte saman med organist Marit Lindekleiv, fylte kyrkja med flott song og musikk. Me vil i lang tid hugsa slike stunder.


Del denne artikkel på e-post