Gamaldags kyrkjesundag

Gamaldags kyrkjesundag

Soknerådet og Utåker Bygdalag må seie seg strålande nøgde med søndagens arrangement.

Meir enn 100 frammøtte og eit strålande vêr gjorde årets gamaldagse kyrkjesundag til ei stor oppleving for dei som hadde teke turen til Utåker søndag 19. juni. Grunneigarar og andre medhjelparar hadde ordna det slik at vegen til den gamle kyrkjestaden i Holmedal var godt farande.

Kl 13.00 møtte mange nede ved sjøen for å gå den gamle kyrkjevegen opp frå Holmedalsfjøro til kyrkjegarden. Men først heldt Terje Eikemo i bygdalaget ein velkomst og fortalde litt historikk.

Vel framme ved den gamle kyrkjegarden, der det har stått ulike kyrkjer heilt sidan 1300-talet, var det klart for gudsteneste på gamalt vis for 5. år på rad. Pensjonert sokneprest i Skånevik, Harald Grønnevik, leia gudstenesta etter den gamle altarboka, ikledd den staselege svarte prestekjolen med kvit krage. Klokkar Jan-Ove Fagerheim las klokkarbøna og bibeltekstane var henta frå 1938-oversetjinga. Kyrkjetenar Cort Holtermann ringde med kyrkjeklokka som var hengt opp for anledningen, og midt i gudstenesta tok han av seg hatten og gjekk rundt og samla inn takkofferet i denne.

Etter at salmesongen hadde stilna, klokkaren hadde bede den siste bøna og 3 x 3 klokkeslag var unnagjort, var det tid for matøkt med medbrakt mat og drikke. Drøsen gjekk livleg rundt på staden der den siste kyrkja vart riven i 1882. Då vart det som kunne brukast av materialar flytta og brukt til oppføring av noverande Holmedal kyrkje som ligg like ovanfor fergekaien. Denne kyrkja vart vigsla den 22. november 1882.

Men dagen var ikkje over med dette. Denne dagen hadde det kreative bygdalaget nemleg ordna med storfint besøk frå Sunnhordland museum på Stord. Johanne Øvstebø Tvedten har utarbeidd eit forteljarteater som ho har kalla "Fiskar, prest og fut - same sut", Johanne er formidlingsleiar og ho hadde og med seg Bjørn Arve Lunde, som er bygningsvernkonsulent og formidlar. Tidlegare 1. lektor i musikk ved HSH, Fred Ola Bjørnstad tok og del, både som salmesongar og skodespelar, og Audun Tvedten frå Halsnøy spela dei vakraste tonar på saksofon.

Framsyninga handla om tilhøvet mellom vanlege folk som fiskarar og bønder, og kyrkja. Kvardagen for småkårsfolket var i stor grad prega av påbod og krav frå øvrigheita. Men heller ikkje prestane slapp unna suta for det daglege brød. Inntektene deira var i periodar avhengig av det undersåttane var viljuge til å gje i offergåver. Stykket tok til kring 1723, då det store kyrkjesalet føregjekk i Norge. Dei frammøtte fekk ein lærerik og morosam historietime der me fekk læra meir både om dei ulike kyrkjene som har stått i Holmedal, og ulike prestar som gjorde teneste der. Det heile vart formidla gjennom musikk, song og forteljing og mange artige replikkar og rollefigurar undervegs.

Nærare kl 18.00 kunne både bygdalaget og soknerådet sine representantar sjå tilbake på nok eit vellykka arrangement. Det er kjekt når så mange finn vegen og møter opp når ein steller i stand slikt som dette. Og mandag morgon kunne ein vakna med eit smil om munnen; "Det var godt ikkje alt dette regnet kom ausande ned i går..."

 

Fleire bilete frå arrangementet finn du HER.


Del denne artikkel på e-post