Gudsteneste på Varhaugselet

Gudsteneste på Varhaugselet

Tradisjonen tru vart det også denne våren arrangert «Haldormesse» ved Varhaugselet.

Sokneprest Reidar leia gudstenesta i strålande vær som gav ei fantastisk ramme om denne samlinga. Flottare altartavle skal ein leita lenge etter.

Cort Holtermann var kyrkjetenar. Han ringde med kyrkjeklokka og sytte for at alle frammøtte fekk salmeark. Etter gudstenesta vart det kyrkjekaffi og drøs før fjellfolket vandra vidare, nokre heim og andre mot nye mål i fjellheimen.

Finn Åge Teigen hadde steikt lappar til stor glede for fjellvandrande kyrkjefolk. Her er det kyrkjetenar Cort Holtermann som får ein smak.

Dugnadsgjengen ordna mat og drikke. Kåre Helland serverte kyrkjekaffi rett frå kjelen. Den smakte godt!

Tekst og foto:
Torstein Aarthun


Del denne artikkel på e-post