Innsetjing av ny sokneprest i Husnes og Holmedal

Innsetjing av ny sokneprest i Husnes og Holmedal

Søndag 29. mai var ein gledens dag i Husnes kyrkje.

Endeleg kunne kyrkjelyden ta i mot den nye soknepresten for Husnes og Holmedal sokn, Reidar Ådnanes. Og mykje folk møtte fram for å ynskja han velkommen.

Prost Svein Arne Theodorsen innleia gudstenesta med ei flott velkomst-helsing til den nye soknepresten. Han helsa m.a. med eit bibelvers frå Salme 118: "Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!" (Salme 118, 24) - Det kan vel ikkje vera noko tvil om at dette er ein gledens dag, sa prosten vidare til dei mange frammøtte.

Til preludium spelte Kristine B. Hestad tverrfløyte saman med organist Marit Lindekleiv og utover gudstenesta gledde Husnes blandakor oss med fleire songar. Det musikalske høgdepunktet kom under postludiumet, då Kristine og Marit som avslutning på gudstenesta spelte "To God be the glory" og soknepresten i Uskedal, Lina Håland, song solo. Dette var høgtid!

Før dei frammøtte kunne stoppe igjen og få kake og kaffi på kyrkjebakken, var det tid for helsingar. Soknerådsformann Torstein Aarthun gav Reidar Ådnanes ei bok med tittelen "Høgt og lågt i Kvinnherad". - Boka kan hjelpe deg til å bli betre kjend med kommunen her, og så er det litt symbolsk og; Du skal få møte folket i Kvinnherad "høgt og lågt", både i glede og sorg. Vidare var det og helsingar både frå prost Svein Arne Theodorsen, ordførar Peder Sjo Slettebø og sokneprest i Fjelberg og Eid, Jan Ove Totland.


Mykje folk stoppe igjen for å få kake og kaffi på kyrkjebakken etter gudstenesta.


Del denne artikkel på e-post