Gøy på gard!

Gøy på gard!

Andreas har det fint på Skaparverket sin dag i Ølve.

1. juni var 34 barn i alderen 8-12 år, pluss eldre og yngre søsken, og ein del vaksne, samla på garden til Tore Vikane i Ølve. Vi fekk omvisning på garden. Her var mange opptekne av å studera korleis kyr sjølv får velja når dei vil inn til melking og korleis dette går føre seg. Kalve-hotellet var artig å sjå, der to og to kalvar deler rom og ein liten uteplass. Vi fekk lov å gå inn til geitene og kosa med dei. Hestane kunne vi også helsa på, men her var det tryggast på utsida av gjerdet sidan vi var såpass mange.

I andakten høyrde vi om korleis det gjekk til då Gud skapte verda. Ingen ville tru at underteikna var ein kopi av si eiga oldemor, sjølv om vi har same namn. Kvar og ein er unik, skapt i Guds bilete. Du er elska av Gud!

Tore hadde ordna med grillar og bålpanne slik at alle fekk grilla maten sin. Sokneråda stilte med kaker og kaffi. Det vart også tid til natursti, quiz og støvelkasting. Sistnemnde er ei avansert idrettsgrein der du kastar ein støvel mellom beina og over din eigen rygg. Støvelen skal då fly i same retning som du ser når du rettar deg opp igjen. Prøv den du!

Takk for godt samarbeid mellom sokneråda: Varaldsøy, Hatlestrand, Ølve, Tore Vikane og trusopplæringa.

Kristine Hestad


Del denne artikkel på e-post