Kyrkjekaffi hjå prestefrua på Fjelberg

Kyrkjekaffi hjå prestefrua på Fjelberg

Søndag 26. juni er det gudsteneste i Fjelberg kyrkje kl.11. Denne helga vil presteparet, Marit Elisebet og Jan Ove Anders, bu i prestegarden og oppleve noko av den kurlturskatten som Fjelberg prestegard representerer. Etter gudstenesta inviterer dei til kyrkjekaffi i prestegarden. Truls Grung vil ha  omvisning.

Det hadde vore kjekt om mange kom til gudstenste og på besøk i prestegarden denne søndagen. Dette gled vi oss til, seier soknepresten.

Det går ferje frå Sydnes kl. 10.10 og frå Borgundøy kl.10.30. Tilbake går det ferje frå Fjelbergøy kl. 13.35.

Velkomne til Fjelberg!


Del denne artikkel på e-post