Skaparverket sin dag, Varaldsøy

Skaparverket sin dag, Varaldsøy

Likar du å vera ute? Synest du det er gøy å løysa oppgåver saman med andre? Har du lyst til å grilla og padla i kano?

Då er “Skaparverket sin dag” noko for deg!  

Dette er ei samling for heile familien. Alle er velkomne! Ta med mat og drikke. Det blir høve til å grilla. Aktivitetane er spesielt retta mot aldersgruppa 8-12 år, men vi har god plass til alle som vil vera med!

Stad:  Ferjevågen, Varaldsøy

Tidspunkt: Onsdag 31 mai kl.16 15 - 18.15

PÅMELDING HER 

NB! Hugs å kle deg etter veret! Om véret er dårleg nyttar vi skulen på Varaldsøy.

Arrangør: Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokneråd 


Del denne artikkel på e-post