Vel møtt som konfirmant 2017/18!

Vel møtt som konfirmant 2017/18!

No kan du melda deg på kyrkja sitt konfirmant-opplegg her på heimesida.

I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2017/2018.

Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.

Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Kvinnherad er delt inn i 9 sokn. I kvart sokn vil det verta informasjonsmøte om konfirmasjonsopplegget ein gong i løpet av juni. Invitasjonsbrosjyre, med mykje nyttig informasjon, vart sendt ut no i mai til alle som fyller 14 år i år og er døypte, eller står som tilhøyrande i den norske kyrkja fordi ein eller begge foreldra er medlemer.

Her kan du lesa dei ulike invitasjonsbrosjyrane:
Fjelberg og Eid sokn        Husnes og Holmedal sokn (inkl. Valen)       Uskedal sokn     Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy sokn      Kvinnherad, Ænes og Åkra sokn    

Påmeldingsskjema for heile Kvinnherad kommune finn du HER.

 

Tidlegare i vår sende Bjørgvin bispedømme ut heftet "Konfirmant 2018".
Heftet kan du lesa ved å klikke på bilete under her.
>>>

 


Del denne artikkel på e-post