Babysong-Café

Babysong-Café

Annakvar veke inviteres det til Babysong-Café i Valen kyrkje (onsdagar) og i Eid kyrkje (mandagar). Desse bileta er frå den siste samlinga før jul 2015 i Valen kyrkje. 11 mødre, like mange babyar, og nokre søsken, var møtt opp denne onsdagen. Og berre så det er sagt: Fedre er og hjertelig velkomne til å komme på desse samlingane.

Eid kyrkje kl.10.30   28. august, 11. og 25. september, 23. oktober, 6. og 20. november

Valen kyrkje kl.11   30. august, 13. og 27. september, 25. oktober, 8. og 22. november

Samlinga startar inne i kyrkjerommet. Mødrene samlast i ein ring rundt nokre matter på golvet, der babyane ligg på rekke og rad og smiler. Trusopplærarar, Toril Langeland, leiar samlinga og Marit Lindekleiv er på plass ved pianoet. Det vert sunge ei rekkje songar, og kontakten med dei små er upåklageleg. Eit tynt teppe blir løfta opp og ned over babyane, som responderer med lettare forvirra smil; "Kva i alle dagar… Dei er nå litt rare desse mødrene våre og dei som jobbar i kyrkja…"

Etter ei stund inne i kyrkjerommet går turen inn i sofakroken i "Kyrkjestova". Her er det mat å få, både for store og små. Babyane synes nok helst det er best å nyte "medbrakt". På spørsmål om kvifor dei kjem på BabysongCafe svarer mødrene nokså unisont; "Det er kjekt og sosialt!" Tre av mødrene er her for første gong, og det er jungel-telegrafen som har vore i funksjon; Nokre av dei som har vore på samlingane tidlegare har fått dei med seg.

Babysong-Café er for foreldre med babyar som er fødd siste året. Me syng mykje saman, har det sosialt og et eit enkelt måltid til slutt. Alle samlingane i Valen kyrkje er frå kl 11.00 - 13.00, i Eid kyrkje kl.1030 - 12.30, og du er velkomen til alle samlingane same kor du bur. Det er gratis å vera med på Babysong-Café.

 


Del denne artikkel på e-post